Biografi

Dag-Filip Roaldsnes (1984) kjem frå Valderøya utanfor Ålesund. I 2013 fullførte han sin utøvande mastergrad i jazzpiano ved NMH, med Misha Alperin som lærar.

Debutalbumet Først kom ut på plateselskapet Norcd 12. oktober 2012. Albumet fekk gode kritikkar og blei kåra til eit av årets debutalbum i Dagbladet av Terje Mosnes.Dag-Filip Roaldsnes mottok Ungjazzprisen 2012 frå Jazzsirkelen Ålesund.

Roaldsnes er for tida aktuell med albumet I eit landskap (NORCD). Albumet har blitt godt mottatt og fått positiv omtale i Nrk, jazzinorge.no og det svenske musikkmagasinet LIRA. Kritikar Tor Hammerø skriv følgande om albumet:

“Dag-Filip Roaldsnes har med sitt andre visittkort bekrefta at han har noe helt eget å melde. Det er vakkert å tilbringe tid i hans selskap og det skal bli uhyre spennende å følge han i åra som kommer”.

Som musikar har Roaldsnes arbeida saman med namn som Karl Seglem, Hanna Paulsberg, Lena Nymark, Nils-Øivind Haagensen, Edvard Hoem, Mats Eilertsen, Anja Skybakmoen og Kåre Nymark Jr.

 

Advertisements